Vi
bor i Samnanger

Samnanger
er et lite sted som ligger ca
48 km
fra Bergen sentrum.

Her er huset vårt.
Areal
og geografi
265.5 km2, og med 267 vatn og tjørner. Heile 84%
av arealet ligg over
150 m
.o.h.
Innan kommunen finn me
mange landskapstypar, frå fjord til
høgfjell, og med lier dominert av furuskog og lauvskog. Mellom dei
store fjella er det tronge vassførande
dalar og juv.
Klima
og
hydrografi
Det
regnar mykje
i Samnanger, målestasjonen i Kvitingen tevlar
med stasjonen i Matre om å ha nedbørsrekorden i Hordaland. På
eit år kjem det om lag
4000 mm
(
4 meter
) nedbør her, om lag det doble av årsnedbøren
i Bergen.
Den store Tysseelva som munnar
ut i Samnangerfjorden drenerer eit
landområde på 239 km2, størstedelen av dette nedbørsfeltet
ligg i Samnanger. Eikedalselva som
er varig verna mot kraftutbygging, utgjer
den delen av Tyssevassdraget som kjem frå Kvamskogen.
Folketal
Samnanger hadde 2312 innbyggjarar
pr. 01.07.2005.
Kommunikasjon
Kommunen grensar mot Bergen og Os i
vest, Vaksdal i nord, Fusa i sør og Kvam i aust. Hovudvegen
gjennom Samnanger er Riksveg 7, som er den kortaste
vegen mellom Bergen og Hardangerfjorden.
Historikk
Kommunevåpenet har 6 vassdropar
i gull på ei raud plate. Vatn har spelt ei stor rolle for
utviklinga av Samnangerbygda opp
gjennom tidene. Viktigast er
skottehandelen på 1600-talet, A/S Samnanger Uldvarefabrik
frå 1886 til brannen i mars 1931, kraftutbygginga i
Samnanger-vassdraget frå 1910 og utover, og strømpefabrikken
A/S SAFA, som vart grunnlagt i 1941.
Samningane
eller 'sabningane' som det heiter
på dialekten, har alltid vore vant
med farande folk. Sentralt plassert
mellom Hardangerregionen og Bergenshalvøya har det alltid vore
gjennomgangstrafikk i bygda, sjølv
om mykje av trafikken gjekk med båt.
Den gamle garden Ulland midt i
Samnanger ved Frøylandsvatnet var ein
"husegard" der m.a. folk av høg rang "husa
seg" når dei var på reise.
Mange av fedriftene til Bergen gjekk gjennom Samnanger, drifta
gjekk vanlegvis over Brekkedalen
og til Bergen via Fana, eller over Gullfjellet og om Borgaskaret.
Andre viktige sleper/stiar var over Kikedalen
til Hålandsdalen i Fusa, Altaseterdalen
til Holmefjord, Bogaskaret til
Vaksdal, Trengereiddalen til
Trengereid og vegen over Kvamskogen
via Liaros og Eikedalen
til Norheimsund.
Den
første offentlege vegen som vart
bygd i Samnanger gjekk frå Hellenaustet til kyrkja
på Ådland, den såkalla "Prestavegen".
Denne vart bygd fordi presten skulle komma fram når det var
utrygg is på fjorden. Turstia til
Kvernneset følgjer i all hovudsak
traseen til den gamle Prestavegen.

Kennel Merjano - Brendahaugen 1 -5652 Årland - +47 56 58 66
15 - +47 90 07 74 34